Etne bibliotek 23. sept kl 18.00

GJE TID OG ROM FOR OPENHEIT

– poesiforedrag tonesatt av André Eide –

Gje tid og rom for openheit er eit poesiforedrag med Tove Virata Bråthen i musikalsk tonefølgje med pianist Andre Eide. Formidlinga i dikt, tonar og bilete handlar om å miste ein kjær i sjølvmord og klare å finne vegen vidare i livet.

Arrangementet er del av markering av Verdsdagen for psykisk helse i Etne og Vindafjord kommunar. Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal dag 10.oktober der målet er å gje kunnskap og skape openheit om psykisk helse. Omtrent halvparten av oss vil få psykiske utfordringar i løpet av livet, – difor er dette tema viktig å ha fokus på. Nasjonalt er tema for verdsdagen for psykisk helse i år “Gi tid”. Arrangementet er gratis.
Meir informasjon – www.verdensdagen.no

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Klikk deg inn her for å melde din interesse for arrangementet >>